002 : heime
Då var eg komt heim.I går var ein dag fylt av grining og migrene og kjøyring.
Det starta med fin frukost for heile skulen, så var det avslutning i gymsalen klokka 10. Eg klarte meg heilt fint gjennom "seremonien" som varte i sånn 2(?) timar. Men då Susanne kom grinande imot meg, gav meg ein klem og sa "du bor så langt borte..", då sprakk eg óg. Faen. Slusene opna seg og eg klemte alle innan rekkevidde. Søte lille Helene har nokre bilete av heile greia. Rørande tilstandar.
Eg, Henny og Susanne skulle kjøre til bergen - knarvik- hylkje og dei skulle overnatte hos Monica på Hylkje. Vi stappa bilen full av greier (det meste var vel mitt. oidå.), satte på musikk og kjøyrde raka vegen heim. Eg ville sei hadet til Helene og Susanne før vi drog, men då eg kom ned hadde dei allerede reist. Så vi sa "ha det" til sarah, espen og espen, kathrine, morten og inger lise og så var vi long gone. Ferjene gjekk utan spesielt mykje venting. Og eg fekk verre og verre mirgéne og vart meir og meir snørrete og hostete. Gøy, altså!
Vi kom fram til Bergen på rekordtid (kjentes sånn ut i allefall) og vips, så var vi i Knarvik. Troll kom springande og hoppa på oss mens vi bar ut tinga mine av bilen. Så reiste dei tilbake til Hylkje for å sove over hos Monica. I dag skal dei videre til Ålesund, noko som tar åtte timar i forhold til dei 5 timane det tok i går.
Sjølv synes eg det e jævlig digg å ha rommet mitt tilbake. Tv, rot og den store senga mi. Og så har eg Troll, då. Som hittil har som hobby å fotfølgje meg :)
Seinare i adg håpar eg på å vere med morten (viss han nokon gong vaknar) og berre slappe av og sleppe å tenkje på å stå opp tidleg i morgon :)
Eg saknar dei nære vennane mine frå skulen, men eg veit at eg kjem til å sjå dei igjen..
I år har eg vorten vener med folk eg sikkert aldri hadde snakka med før.. og eg har møtt så utruleg mange rare mennesker og personlegheter at det e ikkje til å tru. Det har vore eit flott år, faktisk. Sjølv om eg har lengta heim titt og ofte.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home