Eg e sur/syting.
I dag e eg sur. Og eg kjem nok til å forbli akkurat dét resten av veka. Grunn? Jo:Interiørlinja skal ha elevkveld. Ein elevkveld går ut på at ei gruppe menneske skal lage underhaldning for resten av skulen. Denne gong; interiørklassen. Eg går på interiør, eg.
Har eg nevnt at eg hatar å finne på utruleg tamme, interne og gjerne seksuelt hintande sketsjar? Eg går i tillegg i rein jenteklasse.
"E ikkje dét greit, då?" spør du. "Nei". Why? La meg seie det slik:
JENTER EIG IKKJE HUMOR
that's why.
Eg treng altså ikkje forklare den videre. For det andre e jenter bitchy og detaljfokuserte, så alt blir gjort i ca 1 km/t. Ergo: lite progresjon.
Kjersti e ikkje blid. Og heller ikkje videre villig til å drite seg totalt ut på den siste elevkvelden i år.
Eg har videre prøvd å unngå scenen men det gjenstår å sjå kordan dette skal gå. Uansett ka eg gjer, så vil "fritida mi" gå vekk i uendeleg arbeid som må til for 45 minutt med drit på scena.
Sånn utanom dét, så kan eg sei at eg gler meg nokke så inst i helgoland til å komme heim. Heime skal eg: drikke. jobbe. flytte om mogleg. kose med voffsen. sjå på tv med parabol. kunne stå opp når eg vil. drite i lærarar. vere i bevegelse. finne på noko. gå på kino.
Eg har altså store planar.
Eg ser ikkje at humøret mitt vil forandre seg særleg resten av veka. Meir syting kjem ved seinare tidspunkt.
0 Comments:
Legg inn en kommentar
<< Home