torsdag, mai 11, 2006

Pakking


Eg held på med å pakke ned alle tinga mine på rommet vårt på internatet (som forøvrig heiter Breidablikk, også kalt BB). Eg synes eg har pakka ned alt, eg. Men framleis ser det slik ut.
Ein koffert, ein liten trillekoffert med skittentøy (sidan eg alltid gløymer å vaske kleda mine), og ein litt større trillekoffert med resten av kleda.




inni den dyneklumpen ligg Sarah og søv. (ha-ha)




her er senga mi. full av greier. ting e tatt ned frå hylla. untatt eit bilete av Morten og eit av Bella. og ein pose med litt sørlands-chips. klokka. ein kopp. og eit skrujern eg sikkert kjem til å stjele. jaja.




sånn ser golvet på "mi side" ut. pent.




eine kattetøffelen min og comfort-flaska som har vart i eit år! jaa!




Oppå pc-en min står planten min, som Elisabeth faktisk har døypt Halvgeir (fordi han nesten e dau 50% av tida). Eg kjøpte den og potta på Ikea i byrjinga av året, og jaggu faen har den overlevd! Den har blitt gløymd, flytta på, nesten døydd heilt og visna opptil fleire gonger. Han skal visst få gjødsel ein gong i månaden, men det har han aldri fått, stakkar.

Ved hans side står Imsdal, Gaffateipen eg stal frå skulen, Sjokaden som snart e tom, og ein poks med tomme cd-ar.