Mystisk

Ser man det. Dei kunne vore brødre, min kjære Morten og Idol-vinnaren Aleksander. Berre sjå! Men som Elisabeth sa: "Aleksander ser ut som Morten då han var 16...". Og det e forsåvidt sant.
Småchicksa' har allerede sett det og kviskra "tihihiii... trudde du det var..? kniiiiz!" bak ryggen på han.
I tillegg fann eg bl.a denne videoen i går:
Beskrivelse: Reidar skyt seg sjølv i hovudet med ein leikepistol med gummipiler.
That's entertainmeint!
002 : heime
Då var eg komt heim.
I går var ein dag fylt av grining og migrene og kjøyring.
Det starta med fin frukost for heile skulen, så var det avslutning i gymsalen klokka 10. Eg klarte meg heilt fint gjennom "seremonien" som varte i sånn 2(?) timar. Men då Susanne kom grinande imot meg, gav meg ein klem og sa "du bor så langt borte..", då sprakk eg óg. Faen. Slusene opna seg og eg klemte alle innan rekkevidde. Søte lille
Helene har nokre bilete av heile greia. Rørande tilstandar.
Eg, Henny og Susanne skulle kjøre til bergen - knarvik- hylkje og dei skulle overnatte hos Monica på Hylkje. Vi stappa bilen full av greier (det meste var vel mitt. oidå.), satte på musikk og kjøyrde raka vegen heim. Eg ville sei hadet til Helene og Susanne før vi drog, men då eg kom ned hadde dei allerede reist. Så vi sa "ha det" til sarah, espen og espen, kathrine, morten og inger lise og så var vi long gone. Ferjene gjekk utan spesielt mykje venting. Og eg fekk verre og verre mirgéne og vart meir og meir snørrete og hostete. Gøy, altså!
Vi kom fram til Bergen på rekordtid (kjentes sånn ut i allefall) og vips, så var vi i Knarvik. Troll kom springande og hoppa på oss mens vi bar ut tinga mine av bilen. Så reiste dei tilbake til Hylkje for å sove over hos Monica. I dag skal dei videre til Ålesund, noko som tar åtte timar i forhold til dei 5 timane det tok i går.
Sjølv synes eg det e jævlig digg å ha rommet mitt tilbake. Tv, rot og den store senga mi. Og så har eg Troll, då. Som hittil har som hobby å fotfølgje meg :)
Seinare i adg håpar eg på å vere med morten (viss han nokon gong vaknar) og berre slappe av og sleppe å tenkje på å stå opp tidleg i morgon :)
Eg saknar dei nære vennane mine frå skulen, men eg veit at eg kjem til å sjå dei igjen..
I år har eg vorten vener med folk eg sikkert aldri hadde snakka med før.. og eg har møtt så utruleg mange rare mennesker og personlegheter at det e ikkje til å tru. Det har vore eit flott år, faktisk. Sjølv om eg har lengta heim titt og ofte.
001.
1. rydda rommet og internatet
2. i kveld er det avslutning på skulen
3. fekk skulegenser i dag. fin.
4. kjøyrer heim med susanne (og henny) i morgon og det e
ferjestreik. kuult.
Pakking

Eg held på med å pakke ned alle tinga mine på rommet vårt på internatet (som forøvrig heiter Breidablikk, også kalt BB). Eg synes eg har pakka ned alt, eg. Men framleis ser det slik ut.
Ein koffert, ein liten trillekoffert med skittentøy (sidan eg alltid gløymer å vaske kleda mine), og ein litt større trillekoffert med resten av kleda.

inni den dyneklumpen ligg Sarah og søv. (ha-ha)

her er senga mi. full av greier. ting e tatt ned frå hylla. untatt eit bilete av Morten og eit av Bella. og ein pose med litt sørlands-chips. klokka. ein kopp. og eit skrujern eg sikkert kjem til å stjele. jaja.

sånn ser golvet på "mi side" ut. pent.

eine kattetøffelen min og comfort-flaska som har vart i eit år! jaa!

Oppå pc-en min står planten min, som Elisabeth faktisk har døypt Halvgeir (fordi han nesten e dau 50% av tida). Eg kjøpte den og potta på Ikea i byrjinga av året, og jaggu faen har den overlevd! Den har blitt gløymd, flytta på, nesten døydd heilt og visna opptil fleire gonger. Han skal visst få gjødsel ein gong i månaden, men det har han aldri fått, stakkar.
Ved hans side står Imsdal, Gaffateipen eg stal frå skulen, Sjokaden som snart e tom, og ein poks med tomme cd-ar.
teite testar e kjekke greier
You Are 60% Boyish and 40% Girlish |
You are pretty evenly split down the middle - a total eunuch. Okay, kidding about the eunuch part. But you do get along with both sexes. You reject traditional gender roles. However, you don't actively fight them. You're just you. You don't try to be what people expect you to be. |
You Are 19 Years Old |
 Under 12: You are a kid at heart. You still have an optimistic life view - and you look at the world with awe.
13-19: You are a teenager at heart. You question authority and are still trying to find your place in this world.
20-29: You are a twentysomething at heart. You feel excited about what's to come... love, work, and new experiences.
30-39: You are a thirtysomething at heart. You've had a taste of success and true love, but you want more!
40+: You are a mature adult. You've been through most of the ups and downs of life already. Now you get to sit back and relax. |
You are Milk Chocolate |
 A total dreamer, you spend most of your time with your head in the clouds. You often think of the future, and you are always working toward your ideal life. Also nostelgic, you rarely forget a meaningful moment... even those from long ago. |
You Should Be In The Dixie Chicks |
 You're down to earth and never forget your roots... But that doesn't mean you can't rock out |
You Are Gwen Stefani! |
 All guys dream about you And all the girls want to be you "Sappy pathetic little me That was the girl I used to be" |
Eg e sur/syting.
I dag e eg sur. Og eg kjem nok til å forbli akkurat dét resten av veka. Grunn? Jo:
Interiørlinja skal ha elevkveld. Ein elevkveld går ut på at ei gruppe menneske skal lage underhaldning for resten av skulen. Denne gong; interiørklassen. Eg går på interiør, eg.
Har eg nevnt at eg hatar å finne på utruleg tamme, interne og gjerne seksuelt hintande sketsjar? Eg går i tillegg i rein jenteklasse.
"E ikkje dét greit, då?" spør du. "Nei". Why? La meg seie det slik:
JENTER EIG IKKJE HUMOR
that's why.
Eg treng altså ikkje forklare den videre. For det andre e jenter bitchy og detaljfokuserte, så alt blir gjort i ca 1 km/t. Ergo: lite progresjon.
Kjersti e ikkje blid. Og heller ikkje videre villig til å drite seg totalt ut på den siste elevkvelden i år.
Eg har videre prøvd å unngå scenen men det gjenstår å sjå kordan dette skal gå. Uansett ka eg gjer, så vil "fritida mi" gå vekk i uendeleg arbeid som må til for 45 minutt med drit på scena.
Sånn utanom dét, så kan eg sei at eg gler meg nokke så inst i helgoland til å komme heim. Heime skal eg: drikke. jobbe. flytte om mogleg. kose med voffsen. sjå på tv med parabol. kunne stå opp når eg vil. drite i lærarar. vere i bevegelse. finne på noko. gå på kino.
Eg har altså store planar.
Eg ser ikkje at humøret mitt vil forandre seg særleg resten av veka. Meir syting kjem ved seinare tidspunkt.