Big news!
Kjersti har fått seg jobb på Indremisjonens aldersheim i Bergen! Endelig fekk eg jobb!Heldigvis var dette ein god jobb også. Eg visste faktisk ikkje at gamle folk var så kule. Dei rimer, synger, spøker og e lettare forvirra, men allerede etter tre vakter har eg blitt glad i ein god del av dei. Nokre er nesten søte som barn og klemmer deg i tide og utide, blunker til deg, sovner i heisen, ser syner, vil ikkje stå opp, synes eg e en lokkedame som bare plager de om morningen, nokre er frekke og har det aldri bra nok, og nokre trur dei er heilt friske og bur der pga ein vond arm, mens andre gjerne vil bli ferdig med frukosten så dei kan få med seg Lassie.
Sjølv om dei ikkje veit kva dei skal neste dag, så hugsar mange av dei ting frå barndommen ned i detalj. Songar, gåver, opplevensar.. det er heilt facinerande! Gamle folk ruler (i allefall dei snille:P) og burde ha meir å gjere på. Og alle burde få meir besøk.. dei lyser opp når det kjem folk på besøk til dei :)
Vi får sjå om eg er så fornøgd neste veke.
1 Comments:
Den sluttkommentaren din tok du rett ut av munnen min.
Legg inn en kommentar
<< Home