torsdag, juli 27, 2006

Internett-junkie

Eg tenkte eg skulle lage en post med sider eg liker på internett. Jaja.

Dagbladet
Eg må alltid innom Dagbladets nettsider. For det første fordi dei har ein fin layout, og for det andre fordi VG sin suger tisselur. Gidd ikkje linke til vg en gong. Dei fortjener det ikkje.

MySpace.
Mange venner i landet som har profiler der og som gjør det enkelt å holde kontakt sånn innimellom. I tillegg finnes det sånn ca. en million forskjellige band og artist-profilar der. Dei fleste sug nokke heilt groteskt, men det finnes vanvittig mykje bra også. Eg synes alle skulle hatt myspace og ikkje den teite rip-offen til msn: msn spaces.



PostSecret.
Folk sender inn sjølvlaga postkort med ein hemmelighet på til ein dud, så legg han dei "beste" ut på denne sida kvar søndag.

Google.com
Mitt mekka. Bildesøk på google e alltid gøy.

mandag, juli 24, 2006

Alkohol anyone?

Eg har fri i tre dagar no. Eg føler meg snytt etter helga, då eg ikkje kunne gå ut.
Nokon som vil drikke i løpet av mandag (i dag, ja) eller tirsdag? Evt til helga? Eg har jo faktisk fri denne gong. Trur eg.


Og kor blei det av sola?! Eg vil bade i dag!

Kjem kaaanskje til Knarvik 2day :P

fredag, juli 14, 2006

Big news!

Kjersti har fått seg jobb på Indremisjonens aldersheim i Bergen! Endelig fekk eg jobb!
Heldigvis var dette ein god jobb også. Eg visste faktisk ikkje at gamle folk var så kule. Dei rimer, synger, spøker og e lettare forvirra, men allerede etter tre vakter har eg blitt glad i ein god del av dei. Nokre er nesten søte som barn og klemmer deg i tide og utide, blunker til deg, sovner i heisen, ser syner, vil ikkje stå opp, synes eg e en lokkedame som bare plager de om morningen, nokre er frekke og har det aldri bra nok, og nokre trur dei er heilt friske og bur der pga ein vond arm, mens andre gjerne vil bli ferdig med frukosten så dei kan få med seg Lassie.

Sjølv om dei ikkje veit kva dei skal neste dag, så hugsar mange av dei ting frå barndommen ned i detalj. Songar, gåver, opplevensar.. det er heilt facinerande! Gamle folk ruler (i allefall dei snille:P) og burde ha meir å gjere på. Og alle burde få meir besøk.. dei lyser opp når det kjem folk på besøk til dei :)

Vi får sjå om eg er så fornøgd neste veke.

torsdag, juli 06, 2006

Situasjon per i dag

Kor fordømt vanskeleg er det ikkje for meg å få meg jobb?
Prøver eg ikkje hardt nok? Har eg for dårlege karakterar? For mykje fråvær?
Eg vil jo tørre å påstå at i ein jobbsituasjon, så er eg utadvendt og særdeles hyggjeleg, for ikkje å gløyme ekstremt koseleg.

Eg vil egentlig ikkje jobbe i butikk. I såfall på sånn butikk som H&M der man slepp å hjelpe kundar. Tanketomt arbeid hadde verkeleg gjort seg. Null stress og ingen bekymringar. Enten dét eller ein jobb eg kan lære noko av. Der eg ikkje står der for å prakke på nokon eit jævlig teit produkt.

Eg vil ha ein arbeidsgjevar som oppmuntrar og seier at eg gjer ein god jobb. Og medarbeidarar som gjer det samme, har humor og går an å føre ein samtale med.

Men alt skal liksom vere så fordømt vanskeleg for meg.