Litt Kinabilder
Sarah (roomie) og Vibeke (nabo) på flyet til Kina. Det tok sånn 10 timer eller noe, og Sarah virkar litt gretten.

Matbordet var noko for seg sjølv. Maten var jo dritdårleg, så ingenting vart eten opp, eigentleg. Men alikevel kom kinadamer stadig med fleire/nye fat med plenty av mat. Kinesarar et ikkje salt, forresten. Det resulterer i at mykje smakar dritt.

Fisken på biletet var utruleg ekkel og forferdelig å få nært seg. Men det måtte dokumenterast. Faen, den fisken altså..
Her har vi Kim Rune og Sarah på Den Himmelske Freds Plass. Der var det "sandstorm" og mange kinamenn i grønne uniformar. Dei var forresten i heile Beijing heile tida. Dei berre dreiv og patruljerte utvalgte plassar. Kjekk gjeng.
Kor
Det kan vanskelig forklarast med ord kor uendelig lei eg e av kor.
Vi syng, Johny-lærar e über-engasjert (ja, ka for eit namn e eigentlig Johny, med
ein 'n'?) og dei fleste veit at det å ligge på senga og stirre i taket hadde vore kjekkare.
I tillegg skal vi visst spele inn cd med dette på sånn at alle kan le av oss kor-nerdar.
Eg vil jo berre sjå tv, jo. Faen heller.
busjdaah'
1. fekk bursdagsmuffins av sarah og lotte <3
2. såg film med helene og åt snop <3
3. fekk telefonar av folk og det var fint
4. fekk bursdagskort og pakke med Skittles av Helene <3 aaaw!
ellers var dagen slapp.
gratulerer med dagen, kjersti.

1. Vart sjuk og spydde heile mandagsnatta og dagen. Pappa henta meg hos morten klokka åtte. Eg kom heim, sjangla til døra, kom meg inn på rommet og opp i senga. Vart der resten av kvelden.
2. Dagen etter våkner eg av at pappa kjem inn på rommet og spør kordan det går med meg. Eg seier det går bra. Så kjem det absolutt tristaste: "Bella skal til avliving i dag klokka ni". Eg begynte å hylgrine. Det lille sære knøttet eg har hatt siden 1.klasse på barneskulen skulle dø i dag. Eg grein litt meir og gjekk opp og satt meg med Bella for å ta farvel. Eg koste og klappa henne og ho såg på meg med de store runde øynene sine, som bare min lille Bella kan.. Ho forstod nok at nokke skulle skje, for eg kjenner hunden mion, og ho veit ka som skal skje før alle andre. Ho var alltid sånn.
Så skulle dei kjøre. Mamma plukka Bella opp, lett som bare det og gjekk ned i gangen der eg kyssa ho på det bitte-lille kinnet hennes (dét hata ho alltid, og begynte alltid å "grine" fordi eg var så plagsom :D) og sa eg var glad i henne og alt det der :( så lukka dei døra. Eg klarte ikkje å bli med. Eg hadde stressa Bella for mykje og eg hadde sikkert dødd innvendig, hadde eg sett på. Av og til angrer eg. Men det var for vondt akkurat då.
Dei kom tilbake. Eg hørte dei i døra. Eg satt på senga og turte ikkje gå ut i gangen. Turte ikkje sjå Bella død.
Til slutt gjekk eg no ut og spurte kor ho var. "Utanfor". HÆ?! Hadde de bare lagt min lille hund utanfor no som ho var død? Seriøst? eg gjekk ut og såg.
Gråt med ein gong. Hundar kan man visst ikkje få lukka øynene på når de dør, så ho såg rett ut i lufta på ingenting. Var så rart, for man såg på øynene at ho ikkje levde lenger. Eg klappa ho litt og satt det og hulka. Veit ikkje kor lenge.
Pappa fant ein kasse. For ei fin kiste. Eg likte ikkje akkurat det.
Eg la teppet hennes ned i kassen og mamma la ho oppå. Så tulla eg teppet rundt henne. Ho har alltid vore så søt, Bella. Var minst like fin no. Eg sa til mamma at vi kunne no ikkje berre begrave ho i med teppet? Og så fant vi fram yndlingsleiken hennes: eit svart plast-piggsvin som ho i begynnelsen ikkje likte fordi det peip då ho kom borti det. Men vi skar hol i det og då var det perfekt! (Bella var skikkelig pysete når det kom til alt anna enn kattar). Og så fant vi valpehalsbåndet hennar og ein kinderegg-leike; ho likte den plastpakken som leikane e inni. Vart heilt gal av dei :D
Ho vart begravd i hagen, rett bak huset. Der kan eg alltid besøke henne. Ho har sin egen "gravstein" og rosebusk.
Savner Bella, eg...
3. i dag blir eg 20 år, men eg har verken mamma & pappa, morten, vennene mine heime eller Bella e her. 